Oppussing i Port Arthur – Vitjing frå Quebec og Kroatia!

No vert det store endringar i Port Arthur. Etter at me har jobbe med oppussing av hovudleilegheita og galleriet er det no tilbygget sin tur. Det vart bygd i 1961 i ein fei. Litt fort og med litt dårleg kvalitet. Det har byggmeister Frøy Ness fått konstatera til gagns då han reiv kledning ute, tak og vegger inne i huset. No vert alt det som er mogeleg å bytte ut, modernisera og forbetra. Rommet over garasjen, kalla «det kalde romme», vert no «det varme rommet». Det vert isolera etter all kunsten sine reglar. Det vert lagt inn eit splitter nytt bad, og eit lite tekjøkken. Det vert med andre ord ein liten leilegheit der med soverom, stue, bad og kjøkken. Her tenkjer eg me kan bu om me bestemmer oss for å leige ut resten av huset.

Ny kledning, måla av Jessica og Fred frå Quebec

Sist veke hadde me vitjing frå Quebec og Kroatia. Gjennom nettverket Couchsurfing.com  har både Luka frå Kroatia, som sykla til Nordkapp og attende (me hadde han på vitjing i Stavanger i august) og Jessica og Fred frå Quebec. Dei siste var hos meg siste veka og fekk eit par dagar i Kviteseid før dei reiste vidare til Berlin på laurdagen.

Skjalg og Luka frå Krotia målar kledningen

Alle saman vart med og gjorde arbeid på huset! Det gjekk mest i rydding (me kasta 150 boksar med gamal måling!) og måling av kledningen på huset. Dei slo til og laga mat fleire gonger og.. både i Stavanger og her i Kviteseid.  Eg fekk introdusera Luka for venene vår Bjørgulv og Hilde. Det sette han veldig pris på. Han blei jo kjent med kring 40 av vener og familie dei 5 dagane han var i Schancheholen i august!

Luka har allereie innvia det nye soverommet!

Eg må ikkje gløyma att Kitty Karina og Ylva var med. Dei hjelpte til med rydding dei og.  Ellers å hadde dei fine haustdagar, der dei ikkje hadde elle TV-kanalane dei er vane med – så dei vart kreativce og tok 400 bilete med kamera mitt! Mange av dei var veldig flotte!

Her er starten på badet...i tilbygget over garasjen.

Ole er ein framifrå tømmermann og entreprenør!

Fred, Jessica og Simplissitus i sofakroken i Port Arthur.

Våre vener frå Quebec har latt seg imponera av opphaldet i Noreg. Her er kva Jessica skreiv i gjesteboka:

Oh Skjalg Skjalg Skjalg.. I will miss you very much. I can say that the last place Thanks for taking us to your family and friends, it was great to meet such nice and inspiring people (especially Marita) Thanks for helping us to see what there was to see in Stavanger and around. Thanks for sharing your travelpictures and memories: They really filled up my shoes with thousand ants. Thanks for all the good food!! I really hope you and the family will come and visit in Quebec or that we will come and see you in Norway. I want to meet Unni Elisabeth so much! I love her already.

Tusen takk and take care…

Keep travelling and dreaming (through your 50 pairs of glasses 🙂 )Jessica Leclerc

Allo Skjalg. I belive we owe you a lot of the last week we spent with you. I was very inspiring to see your travelpictures from Asia and from Spain. It really shows that our world is beautiful and it has to be explored. Thanks for your help in finding things to do in stavanger, for feeding us norwegian food (espesially fårikål and reindeer…and brown chees…. and kaviar in a tube…), for taking us seeing your famliy and friends, for teaching us about norwegian language an culture….and thanks for putting a roof over our heads …or actually two roofs. For my part it has been great to meet a filmmaker beacause it has been an old dream of mine since high school and its given me a urge to try again for fun.

Tusen takk Skjalg I hope to see you and your family again!

PS : Jeg liker Gudbrandalsost!

Fred

Neste veke kjem det ei ny oppdatering frå PA. Eg reiser attende og tar med meg x antall folk frå x nasjonar 🙂 Det vert ny fotoutstilling i galleriet – frå Kina. Og Eg skal male, rydde og planlegge interiør!  Eg tar gjerne mot fleire besøkande!!!

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

One Response to Oppussing i Port Arthur – Vitjing frå Quebec og Kroatia!

  1. Ahh, so moro! 😀

    Skulle vore med her ja. Utruleg kjekt at du hev vorte ein skikkeleg supervert på CS. Eg hev ikkje hatt nokon her i det heile teke sidan me kom attende frå USA. Eg hev jo lyst, men Helene brukar bustaden vår som kontor no, og det er viktugt at ho fær arbeidd.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *