Fyrste veka i Kviteseid

Mykje har hent sidan me kom her til det kjære huset vårt i Port Arthur. Det viktigaste var jo at Kitty Karina blie henta i Stavanger av Unni og at Falke kom til Bø, der me henta han på fredag. Han kom rett frå Skjold, etter ei knallhard veke med nærkamp….

Kjekt at Falke kom, sist me såg han var i Spania...

Unni ventar på venene sine ...

De blir no ikkje så mykje nærkamp her tenkjer eg, skikkeleg slaraffenliv meir trur eg. Me ventar fleire folk innom i løpet av dei vekene me er her. Me har og planar om å gjere noko. Løfta ein finger eller to, ja kanskje ein heil neve for å gjere noko med dei planane.  He, he me har laga ei liste med ting me berre må gjere…. Fyrste dagen  skreiv me lista. Andre dagen skreiv me litt meir, tredjedagen fann me ut at det var for mykje på lista, så me strauk litt. Fjerde dagen slo eg plenen og Unni dro til Stavanger for å hente Kitty Karina. Dagen etter fekk me strøke nokre punkt til, og sidan har me ikkje sett på lista. Det vart for travelt!

Victoria kjem annan kvar dag og vekkjer oss kl. 10.00

Det byrja å koma vitjing. Fyrst kom Eivind og Sissel. Sidan hadde me Bjørgulf og Hilde her ein kveld. Så har me vært på finalekamp med Spania-Nederland på den lokale puben…Måtte jo avslutte mitt engasjement i fotballen for denne gong, men kven veit? Det har vore kaldt her… me har tylla oss inn i Ullteppe i fleire dagar ute på terassen. Vil helst site ute og sjå på utsikten, naturen på Victoria som kjem og går…  På laurdag var me i galleriet vårt. Me såg på den fine utsilligen av keramikk og bilete av kunstnarane … og ….. Me kjøpte eit par torsoar som me skal ha i huset her. Fine nakne kroppar i brun keramikk. Me oppmodar alle som kjem på vitjing å sjå på utstillinga…. Og kjøpe eit kunstverk…

Varmt i sola....men....

men ein time seinare...ikkje fullt så varmt.. Eivind og Unni og Sissel.

Posted in Uncategorized | 1 Comment

ATTENDE FRÅ SPANIA!

Romantisk anno 1876

No er me reist attende frå syden, frå vårt sabattår i Spania. Det har vært ei fantastisk oppleving, dette året (eller 11 månader for å vere korrekt). Me kom til Port Arthur via Sverige.

Der hadde me ei fint opphald i ein liten landsby ved eit vertshus som heitte Flemige Gjestgivergård.

Romantisk anno 1876?

Posted in Uncategorized | 1 Comment

Eiga side for vårt flotte hus i Kviteseid

Utsikten på hauset frå veranden er vel så fin som vinter og sumar!

Pappa har vore veldig ihuga på å få i gang denne netsida. So då han for nokre dagar sidan sende bilete til toppen på sida so fekk eg no brukt nokre timar på å setja han opp.Inkludert i dei timane er òg eit system som gjer at det vert enklare å setja opp fleire sider raskare til neste gong 😉   Og her er nokre bilete frå huset, tekne dei siste to tri åra.

Dette er teke for 2 år sidan. No tek me og skiftar kledning her.

På framsida tronar terrassen utfor stua.

Posted in Uncategorized | 2 Comments