Dolly på vitjing i PA

Her er Dolly på vitjing til sin nye heim!

Me Har kjøpt oss ein skikkeleg bil. Eg meiner ein bil som har sjel og personlegheit. Kan kanskje kalle det ein skikkeleg «anti»bil. Den type bilar som får folk til å smile og få ein god kjensle i sjela.  Det var det me merkte då me tok henne frå Gardermoen til Kviteseid. Folk stoppa opp, smilte og peikte. Fleire tok bilete, ja det var folk som køyrde framan- og bakanfor for oss som tok bilete, der med putra avgarde mot Telemark.

Var det nokon som sa smil?

Me ville ha med Dolly til Stavanger for å gjere nokre undersøkjngar og små reperasjoner. Etter overnatting i PA, drog me neste dag til Stavanger. Over Suleskard, det gjekk som ein lek opp dei 800-900 metrane til vatnskjilje. Eg synest med haldt god fart og bilen klarte brasene med god margin.

Unni i fin fart over fjellet!

Unni i fin fart over fjellet!

Rast og posering....

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

One Response to Dolly på vitjing i PA

  1. Unni Elisabeth Hørthe says:

    Det var skikkeleg kjekt å køyre Dolly! Ho gjekk som eit olja lyn til å vere ein «antibil» med berre 29 hestekrefter 🙂 Litt uvant var det likevel å bruke paraplygira og «airconditionen» som berre var eit spjell var superkult. Tøff bil 😉

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *