Fjernstyring

 

No har med skaffa oss eit leiketøy (for Skjalg) – ein fjernstyring-pakke for elektriske apparaturar og varmeomnar.  Desse er svært nyttige, kan få ned straumforbruket og gjere det lettare å vere føre var store endringar i temperaturar som det er her i Kviteseid.

DSC_0012.resized

Det er ikkje ofte eg leser brukar-manualar, men her var eg på utrygg grunn.

DSC_0009.resized

Gjer det sjølv-pakka kjøpt på Komplett. Kosta rundt tusenlappen.

Systemet kan styrast frå kor som helst i verda via datamaskin eller ein smarttelefon.  Det kan jo gjere slike styringar i din eigen heim og sjølvsagt.

DSC_0017.resized

Desse kablane er jo eit styr – måså orden på dei neste gong!

Det er dette som styrer dei forskjellige einheitane i huset, slik at eg kan slå på og av varmeomnar, lyskjekder og andre elektriske dipeduttar.  Eg kan og fylgje med på temperaturen inne via mobiltelefonen.

DSC_0019.resized

Det er gravd vekk nokre kubikk ved sida av huset vårt! Håper det tåler storflaumane som kjem!

Utanfor huset vårt er det store ting på gang. Etter at huset nedafor blei seld for eit par månader sidan, er det skjedd mykje her.  Det er grave vekk store delar av plenen ved sida av huset. Nivå er senka med så mykje som 3 meter – for å gjere mogleg ein ny veg til huset.

Landskapet er totalt endre, det ser veldig annsleis ut, spesielt etter at skogen forsvann. Det vert meir opent og me ser at me faktisk ligg midt i bygda no…..

DSC_0054.resized

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *