Vinteropplag

Vintertur til Port Artur

Ein kort tur til Kviteseid for å sjå etter huset. Vinteropplag nett no…Leigebuar har flytta attende til Danmark, kommunen, som leiger, venter inn ein ny lege i slutten av januar. Dei er sers glade for å leige hos oss, seier Kåsa. Dei fleste bustadane er anten for dårlige, for store eller for dyre.

Her er utsikten og panorama like fint alltid!

Eller så har eg vitja Eivind på sjukeheimen. Han er ved sitt vanlege, vanskeleg å snakke med, høyrer dårleg, ser dårleg og kan ikkje bevega seg så mykje heller. Mens eg no var her i Kviteseid nytta eg høve til å kjøpe ein ny oppvaskmaskin, som eg tek med til Stavanger. Det er viktig å stø næringslivet på bygdene.

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

One Response to Vinteropplag

  1. skjalg says:

    Nei no er det på tide med ei vitjing til Kviteseid!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *