Nye tider – ny energi.

Det er nye tider i Noreg. Me skal spara energi, med skal spara CO2 og me ska i det heile teke bli meir miljøvennlege 🙂 Det er bra, veldig bra – på tide spør du meg….  Balansegangen mellom å leva på den forkastelege måten og den perfekte måten er ikkje lett å finna for nokon og ein kvar.  Men det nyttar å byrja med dei små tinga.

cof

Varmepumpe – utedelen vert testa for vakum

No har me investert i Varmepumpe også kalt Aircon i utlandet. Det er ei luft til luft varmevekslar som kan nytta ein tredel energi og gi att tri gonger så mykje i varme.  Me har jo røynsler frå slike i Spania, men der nyttar desse berre til kjøling.

cof

Slik ser det ut utanfrå.

Huset er no klar for vinteren. Ein del av huset (hybelen) er allereie leigd ut til Kviteseis Kommune, der turnuskandidatar nyttar bustaden mens dei jobbar på legekontoret i bygda. Frå 1 september vil de bu to lækarar i huset i kvar sin leiligheit.

cof

Elektrikar frå Vesttelemark heng opp innedelen i stua over spisebordet.

Me vil framleis kunne nytte galleriet i fyrste etasje. Der harme eit lite krypinn, med toalett, kokeplate og eit lite soverom.  Men me tek vel over hovudbustaden i april 2017, tenkjer eg.

cof

Eg hadde med meg eit lite epletre frå Stavanger. Og bilen skal i vinter-opplag.

Dolly har vore ei stund i Stavanger. Det vart ei kort sesong dette året – dårleg ver og lite kjøyring med vind i håret 🙂 Me tek det att til neste sumar!!

sdr

Så er Dolly på plass i garasjen, Litt vemodig å sette ho i vinterdvale – hadde klart seg fint i Stavanger-vinteren.

 

sdr

Eit nytt epletre i hagen.

 

 

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *