Nye tider – ny energi.

Det er nye tider i Noreg. Me skal spara energi, med skal spara CO2 og me ska i det heile teke bli meir miljøvennlege 🙂 Det er bra, veldig bra – på tide spør du meg….  Balansegangen mellom å leva på den forkastelege måten og den perfekte måten er ikkje lett å finna for nokon og ein kvar.  Men det nyttar å byrja med dei små tinga.

cof

Varmepumpe – utedelen vert testa for vakum

No har me investert i Varmepumpe også kalt Aircon i utlandet. Det er ei luft til luft varmevekslar som kan nytta ein tredel energi og gi att tri gonger så mykje i varme.  Me har jo røynsler frå slike i Spania, men der nyttar desse berre til kjøling.

cof

Slik ser det ut utanfrå.

Huset er no klar for vinteren. Ein del av huset (hybelen) er allereie leigd ut til Kviteseis Kommune, der turnuskandidatar nyttar bustaden mens dei jobbar på legekontoret i bygda. Frå 1 september vil de bu to lækarar i huset i kvar sin leiligheit.

cof

Elektrikar frå Vesttelemark heng opp innedelen i stua over spisebordet.

Me vil framleis kunne nytte galleriet i fyrste etasje. Der harme eit lite krypinn, med toalett, kokeplate og eit lite soverom.  Men me tek vel over hovudbustaden i april 2017, tenkjer eg.

cof

Eg hadde med meg eit lite epletre frå Stavanger. Og bilen skal i vinter-opplag.

Dolly har vore ei stund i Stavanger. Det vart ei kort sesong dette året – dårleg ver og lite kjøyring med vind i håret 🙂 Me tek det att til neste sumar!!

sdr

Så er Dolly på plass i garasjen, Litt vemodig å sette ho i vinterdvale – hadde klart seg fint i Stavanger-vinteren.

 

sdr

Eit nytt epletre i hagen.

 

 

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Mykje arbeid på huset siste året.

DSC_0153IMG_20150921_135432Så vart det endeleg mala. Fyrste gongen etter huset blei reist i 1961.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Fjernstyring

 

No har med skaffa oss eit leiketøy (for Skjalg) – ein fjernstyring-pakke for elektriske apparaturar og varmeomnar.  Desse er svært nyttige, kan få ned straumforbruket og gjere det lettare å vere føre var store endringar i temperaturar som det er her i Kviteseid.

DSC_0012.resized

Det er ikkje ofte eg leser brukar-manualar, men her var eg på utrygg grunn.

DSC_0009.resized

Gjer det sjølv-pakka kjøpt på Komplett. Kosta rundt tusenlappen.

Systemet kan styrast frå kor som helst i verda via datamaskin eller ein smarttelefon.  Det kan jo gjere slike styringar i din eigen heim og sjølvsagt.

DSC_0017.resized

Desse kablane er jo eit styr – måså orden på dei neste gong!

Det er dette som styrer dei forskjellige einheitane i huset, slik at eg kan slå på og av varmeomnar, lyskjekder og andre elektriske dipeduttar.  Eg kan og fylgje med på temperaturen inne via mobiltelefonen.

DSC_0019.resized

Det er gravd vekk nokre kubikk ved sida av huset vårt! Håper det tåler storflaumane som kjem!

Utanfor huset vårt er det store ting på gang. Etter at huset nedafor blei seld for eit par månader sidan, er det skjedd mykje her.  Det er grave vekk store delar av plenen ved sida av huset. Nivå er senka med så mykje som 3 meter – for å gjere mogleg ein ny veg til huset.

Landskapet er totalt endre, det ser veldig annsleis ut, spesielt etter at skogen forsvann. Det vert meir opent og me ser at me faktisk ligg midt i bygda no…..

DSC_0054.resized

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Me vil leige ut Port Arthur

Det er ikkje mange som nyttar PA no, så no legg me ut bustaden på leige-marknaden. Om det er nokon som vil bu i den kjekke bydga, er det berre å ta kontakt.

Me har ei annonse på FINN

Stua i bustaden har utsyn mot Kviteseid-vatnet.

Stua i bustaden har utsyn mot Kviteseid-vatnet.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Arbeid ferie og fest

FASADESå har me starta fjerde, eller er det femte opp-pussing av Port Arthur. Det er det ytre som no står for tur. Maling og reperasjon av muren. Me fekk den gode murar Jørg, nyetablera tyskar til å ta jobben, etter at me hadde sett upp eit stillas på den nedre delen av garasjeveggen. Denne har hatt avflassing av murpuss i lengre tid, så det var tid å gjere noko med det.

DSC_0265DSC_0267Muraren gjorde eit framifrå arbeid!

DSC_0243DSC_0339

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Så er det sumar att :-)

Endeleg er sumaren her. Fyrste skikkelege helg med varme og vitjing av Odin og Helene frå Oslo. Me fekk stelt litt i hagen og kosa oss mest. Ein tur til dammen ved Kongsberg, ca 2 kilometer frå huset fekk me og tid til. Faktisk fyrste gong eg var der (!).
DSC_0151.resizedFantastisk flott utsikt frå dammen ved Kongsberg.DSC_0158.resized DSC_0159.resized Og arbeidet fyljer Unni over alt. Hardt å vere lerar i 2014, og hardare skal det bli..DSC_0167.resized DSC_0170.resized DSC_0173.resized DSC_0176.resized ..og jammen jobbar ho ikkje på kjøkkenet og, eller er det fotografen som tek ei pause? DSC_0177.resized

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Bading, vasski og vassring i sumar

Eg la nett ut ein video frå eit par vassaktiviteter frå sumaren på bloggen min. Videoen er jo relevant her òg:


Last ned Kviteseidvatnet, med Odin, Helene og Kitty Karina (1080p, webm, ca 26MB)

Posted in Uncategorized | Tagged | Leave a comment

Piknik med 2CV

Då har me introdusera piknik med vår kjære Dolly.  Cate og Jan Morten kom til Port Arthur og me vitja mellom anna gården til vener av oss. Det er ein gamal gård. Låven er frå 16-hundretalet, stabburet er freda og er frå 17-hundretalet.

På Øvre Sandland, Kviteseid. Stabburet er frå 1600-talet.

På Øvre Sandland, Kviteseid. Stabburet er frå 1700-talet.

Sandland . Låven er frå 16hundretalet

Sandland . Låven er frå 16hundretalet

Turen gjekk på smale vegar og område i Unni Elisabeth sine heimtrakter. Flott natur, i skog og heie-landskap.

Dans på gjengrodde stiar!

Dans på gjen-grodde stiar!

Desse vegane hadde ikkje eg køyrd før...

Desse vegane hadde ikkje Skjalg eller gjestene  køyrd før…

 

Posted in Uncategorized | 1 Comment

Leigebuar i Port Arthur

Me har hatt ein leigebuar frå Danmark den siste tida. Frå mai har Christian Tramsen budd her og tenestegjord som distriktlakjar i Kviteseid Kommune. Det er Kviteseid Kommune som leiger hybelen, så det har budd fleire her. Dei siste tre åra har det vært lækjarvikarar frå Danmark her. Dei har lika seg sers god, slik og med Christian, som gjerne vil attende hit for å jobbe neste år.  No dreg han til nordvestlandet.

Christian frå Danmark lika seg spesielt godt på den eine terrassen, med den flotte utsikten!

Christian frå Danmark lika seg spesielt godt på den eine terassen, med den flotte utsikten!

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Fest i Port Arthur

Den 27. juli hadde me 21 gjester på den fyrste store sumarfesten i Port Arthur. Unni hadde organisera det heile med hjelp frå Skjalg og Kitty Karina. Odin og Helene kom frå Oslo og hjalp til å leggje alt til rette for ein fin og minnerik fest for alle gjester frå Telemark, Oslo og Danmark.

kevin

Kevin, Hanne, Hilde, Asbjørn, Marit og Odin.

suppe

Unni Elisabeth laga ei suppe som smaka … godt!

quiz

Unni Elisabeth hadde laga ein spørreleik som folk streva med å få til…

mange gjester

Mange gjester frå fjern og nær ved langbordet ute på gårdsplassen.

 

Det var veldig kjekkt å sjå Odin att....

Det var veldig kjekkt å sjå Odin att….

Odin og Helene

Odin og Helene reiser attende til Olso i bil frå Bilkollektivet.

Posted in Uncategorized | Leave a comment