2CV kan nyttast til så mangt!

Me driv og ryddar i rom, skuffar og skap. Byttar ut gamle greier der med allerie har fått nye ting. Då er det greit å ha 2CVen ….. Sjølv om me ikkje hadde tanke på å kjøpe stolar til festen på laurdag, så måtte me jo slå til med 70% på nye plast/stable-stolar. Det me ikkje visste var om me ville få dei med i bilen. No har eg jo sitt bilete der ein 2CV tek med seg dei underlegste ting, så her var det berre å prøva….

Ni stolar gjer 2CV til ein "13-setar"

Ni stolar gjer 2CV til ein «13-setar»

Tv-en blei litt stor for bagasjerommet....

Tv-en blei litt stor for bagasjerommet….

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Falke og gutta på vitjing

Falke og tre kameratar tek den årlege turen til Sverige og til Rudskogen for banekjøring. Dei nytta høve til eit stopp i Port Arthur for å kjøre båt og prøve vannskia.

Kjekt med båt til Kviteseid....No blir det mange turar hit med vener!

Kjekt med båt til Kviteseid….No blir det mange turar hit med vener!

Falke i på veg i sitt rette element!

Falke i på veg i sitt rette element!

Fint driv bak Bella, med Alexander Steen bak rattet..

Fint driv bak Bella, med Alexander Steen bak rattet..

Etter 4. forsøk  så var Falke på beina...

Etter 4. forsøk så var Falke på beina…

Klar til avreise til Rudskogen. Merk hjelmane...

Klar til avreise til Rudskogen. Merk hjelmane…

Litt råning før klokka sju, laurdag morgon.

Litt råning før klokka sju, laurdag morgon.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Morgonstemning

Ingenting er som ein sumarmorgon, speide utover vatnet, kjenne den rolege stillheita senkje seg over sjela di….  Måtte det kome mange slike stunder.

Sunkilenvatnet klokka sju om morgonen.

Sunkilenvatnet klokka sju om morgonen.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Endeleg attende til sumar i Port Arthur

sjøsetting

Det var enkelt å få ut båten nede i byen..

Så er me attende. Unni, Kitty Karina og eg. Falke blei attende i Stavanger, må jobbe etter 4 månader på feriereise i Søraust-asia! Odin og Helene er i mellomamerika. Dei kjem kanskje seinare.  Denne gongen har me med oss båt som eg kjøpte på Visnes, Karmøy den 26. juni. Det er ein finsk båt, Bella frå 2002. Den har ein 50 hestar Evinrude og dreg både vannski og «tube» og eit par passasjerar med lettheit.

båtvedbrygga

Endeleg fekk me oss båt, tri år etter at me kjøpte oss brygge på båtplassen me har i Kviteseid.

Me har snakka om å kjøpe båt i mange år. Fyrst skaffa me oss brygge. Den kjøpte me i 2010. Sidan har me nytta ho som badebrygga vår.

kkvedrattet

Kitty Karina er i fint driv bak rattet i båten. Dagen før bak rattet i bilen.

Kitty Karina fekk prøve seg som kaptein på ein tur til Sorgenfri, badestranda me nyttar når veret er fint i Kviteseid. Det tok henne 12 minuttar å frese avgarde med Bella…

kvbåt01

Strandhogg på Vesleøyi i Sunkilen.

sorgenfri

Sorgenfri er stranda me badar på når sola skin…

 

coucousKK

Ein bil-sjåfør og båtførar må ha seg eit godt måltid mat…

Sjøsettinga og prøveturen i dag måtte me feire med eit skikkeleg måltid..Unni Elisabeth laga oss ein herleg Couscous. Mykje betre en den me spiste sist i London…

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Årstidene frå verandaen i Por Arthur

Pamai Pajan Paapril Pajuli Paokt

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Vitjing i Kviteseid igjen.

So er eg attende etter vinterpause. Vel eg har no vitja huset tri gonger sidan siste innlegg. Måtte ta Dolly ut på lufting. Ho starta som eg håpa, etter 10 sekundar med kinning, der bensinen måtte finne fram i årene sine att…Det var regntungt då eg tok Dolly med på tur.

Hybelen er utleigd til Kviteseid Kommune og nett no er det ein lege frå Danmark som bur det. Nytta høve til å helse på han, før eg fekk pakka ut all den rosemålinga som låg att i kassar i kjellaren og dei eg hadde med frå Stavanger.  Plenen fekk eg og klypt 🙂Rosemåling i galleriet.To dagar i PA. Herleg og roleg. Meditativ føling. Gler meg til sumaren!

 

 

 

 

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Vinteropplag

Vintertur til Port Artur

Ein kort tur til Kviteseid for å sjå etter huset. Vinteropplag nett no…Leigebuar har flytta attende til Danmark, kommunen, som leiger, venter inn ein ny lege i slutten av januar. Dei er sers glade for å leige hos oss, seier Kåsa. Dei fleste bustadane er anten for dårlige, for store eller for dyre.

Her er utsikten og panorama like fint alltid!

Eller så har eg vitja Eivind på sjukeheimen. Han er ved sitt vanlege, vanskeleg å snakke med, høyrer dårleg, ser dårleg og kan ikkje bevega seg så mykje heller. Mens eg no var her i Kviteseid nytta eg høve til å kjøpe ein ny oppvaskmaskin, som eg tek med til Stavanger. Det er viktig å stø næringslivet på bygdene.

Posted in Uncategorized | 1 Comment

Endeleg trapp til Hybelen

Her er det laga ny parkering

Her er det laga ny parkering

No har me fått opp vindeltrappa eg kjøpte i sumar. Måtte ta av to trinn og så passa ho så bra som bare det.

Trappa blei praktisk og fin den!

Tok med oss «Dolly» over fjellet slik at ho fekk seg ein fin plass for vinteren. Tenkte det ville verer lurt å ha henne i garasjen i Port Arthur. Her vil ho stå klar til fine sumarturar neste år.

God plass til Dolly i garasjen

God plass til Dolly i garasjen

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Hourly forecast for Kviteseid (Telemark) – yr.no

Hourly forecast for Kviteseid (Telemark) – yr.no.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Port Arthur – arbeid ute og inne.

Ny 40cm vaskemaskin til hybelenEi lita bilete-rekkje frå arbeid i Port Arthur denne veka. Me fekk tak i en 40cm vaskemaskin som skal stå inne på hybelen.

Denne skal leigast ut frå den 3. september og det er Kviteseid kommune som sår som leigetakar. Dei ventar inn vikarar til lækjarstillinga og vil nytte hybelen som bustad for desse.

For at me skal kunne bruke PA når me vil, måtte me laga ei seperat inngang til hybelen, slik at leigetakar kan gå inn her uforstyrra. Derfor har me kjøpt ei vindeltrapp som skal moterast utanfor terassen til hybelen.  Dette krev at me lagar eit fundament for denne, og då har me like godt laga ein ny platting/parkering utanfor huset., med ein liten mur ner mot hagen.

Magne og Ole legg dei siste steinane på plass.

No er det berre å få på plass det siste dekkje med fint pukk og få på plass trappa…

Posted in Uncategorized | Leave a comment