Port Arthur – arbeid ute og inne.

Ny 40cm vaskemaskin til hybelenEi lita bilete-rekkje frå arbeid i Port Arthur denne veka. Me fekk tak i en 40cm vaskemaskin som skal stå inne på hybelen.

Denne skal leigast ut frå den 3. september og det er Kviteseid kommune som sår som leigetakar. Dei ventar inn vikarar til lækjarstillinga og vil nytte hybelen som bustad for desse.

For at me skal kunne bruke PA når me vil, måtte me laga ei seperat inngang til hybelen, slik at leigetakar kan gå inn her uforstyrra. Derfor har me kjøpt ei vindeltrapp som skal moterast utanfor terassen til hybelen.  Dette krev at me lagar eit fundament for denne, og då har me like godt laga ein ny platting/parkering utanfor huset., med ein liten mur ner mot hagen.

Magne og Ole legg dei siste steinane på plass.

No er det berre å få på plass det siste dekkje med fint pukk og få på plass trappa…

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *