Vitjing i Kviteseid igjen.

So er eg attende etter vinterpause. Vel eg har no vitja huset tri gonger sidan siste innlegg. Måtte ta Dolly ut på lufting. Ho starta som eg håpa, etter 10 sekundar med kinning, der bensinen måtte finne fram i årene sine att…Det var regntungt då eg tok Dolly med på tur.

Hybelen er utleigd til Kviteseid Kommune og nett no er det ein lege frå Danmark som bur det. Nytta høve til å helse på han, før eg fekk pakka ut all den rosemålinga som låg att i kassar i kjellaren og dei eg hadde med frå Stavanger.  Plenen fekk eg og klypt 🙂Rosemåling i galleriet.To dagar i PA. Herleg og roleg. Meditativ føling. Gler meg til sumaren!

 

 

 

 

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *