Endeleg attende til sumar i Port Arthur

sjøsetting

Det var enkelt å få ut båten nede i byen..

Så er me attende. Unni, Kitty Karina og eg. Falke blei attende i Stavanger, må jobbe etter 4 månader på feriereise i Søraust-asia! Odin og Helene er i mellomamerika. Dei kjem kanskje seinare.  Denne gongen har me med oss båt som eg kjøpte på Visnes, Karmøy den 26. juni. Det er ein finsk båt, Bella frå 2002. Den har ein 50 hestar Evinrude og dreg både vannski og «tube» og eit par passasjerar med lettheit.

båtvedbrygga

Endeleg fekk me oss båt, tri år etter at me kjøpte oss brygge på båtplassen me har i Kviteseid.

Me har snakka om å kjøpe båt i mange år. Fyrst skaffa me oss brygge. Den kjøpte me i 2010. Sidan har me nytta ho som badebrygga vår.

kkvedrattet

Kitty Karina er i fint driv bak rattet i båten. Dagen før bak rattet i bilen.

Kitty Karina fekk prøve seg som kaptein på ein tur til Sorgenfri, badestranda me nyttar når veret er fint i Kviteseid. Det tok henne 12 minuttar å frese avgarde med Bella…

kvbåt01

Strandhogg på Vesleøyi i Sunkilen.

sorgenfri

Sorgenfri er stranda me badar på når sola skin…

 

coucousKK

Ein bil-sjåfør og båtførar må ha seg eit godt måltid mat…

Sjøsettinga og prøveturen i dag måtte me feire med eit skikkeleg måltid..Unni Elisabeth laga oss ein herleg Couscous. Mykje betre en den me spiste sist i London…

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *