Telemarkskanalen minutt for minutt

Så er dei i gang med sendinga frå Telemark: http://www.nrk.no/telemarkskanalen/

Nrkmedarbeidarane i aksjon ved Kviteseid Brygge

Nrk sitt fantastiske  Cine-Flexkamera3-400 møtte opp for å ta mot Victoria

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Her kjem Victoria

Victoria kjem  med NRK den 26. august kl. 18.15

http://www.telemarkskanalen.no/nor/Opplevelser/Telemarkskanalen-minutt-for-minutt/Seilingstider-soendag-26.-august

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Dolly på vitjing i PA

Her er Dolly på vitjing til sin nye heim!

Me Har kjøpt oss ein skikkeleg bil. Eg meiner ein bil som har sjel og personlegheit. Kan kanskje kalle det ein skikkeleg «anti»bil. Den type bilar som får folk til å smile og få ein god kjensle i sjela.  Det var det me merkte då me tok henne frå Gardermoen til Kviteseid. Folk stoppa opp, smilte og peikte. Fleire tok bilete, ja det var folk som køyrde framan- og bakanfor for oss som tok bilete, der med putra avgarde mot Telemark.

Var det nokon som sa smil?

Me ville ha med Dolly til Stavanger for å gjere nokre undersøkjngar og små reperasjoner. Etter overnatting i PA, drog me neste dag til Stavanger. Over Suleskard, det gjekk som ein lek opp dei 800-900 metrane til vatnskjilje. Eg synest med haldt god fart og bilen klarte brasene med god margin.

Unni i fin fart over fjellet!

Unni i fin fart over fjellet!

Rast og posering....

Posted in Uncategorized | 1 Comment

Hybelen i PA skal leigast ut

Nummer 6 på plass!

Me vil gjerne ha nokon i huset når det stundar mot vinter. Den me hadde måtte diverre sei opp, noko ho var nødt til pga arbeidet sitt. No er eg i Kviteseid for å finne nye leigetakar. Det er nokre som skal sjå dei neste dagane.

Ellers så har det vært mykje gjester dei nesten 2 månadene me har budd her i Kviteseid. Skal prøve å leggja ut fleire bilete framøve.

Posted in Uncategorized | 2 Comments

Liv i leiren!

Frå kunstløypa

Her er biete av Eva Scjølberg i hagen vår...

Vitjing i PA. Me har vore her 2 veker og tatt mot mange gjester. Kjekkt å ha så god plass, og det nye rommet (hybelen) er perfekt! Skal berre møblere litt ansleis. Ellers så kan be by på den fine kunstløypa «Vatn-connecting people». Etter eit lite opphald i Stavanger er me attende den 25. juli.

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Nytt år – snart ferie!

Kjøkkenet er på plass, klar til bruk. Veldig nøgde med fargane!

Stua er klar men manglar ein sovesofa, som vi leiter etter!

Badet er i dei same fargane som kjøkken.

Det er ikkje mykje aktivitet her for tida! Men eg tenkte eg skulle endre på dette frå nå av. Me går ei aktiv tid i møte og Port Arthur blir midtpunktet for familien vår i sumar. Me kommer til å bruke mesteparten av ferien her og me e svært glade for å ta mot gjester! Her er det berre å melde frå om dykk skal på tur østover vestover, nord eller sør!

Sidan i fjor sumar har med gjort svært mykje i huset vårt. Det er pussa opp på «det kalde rommet», som det så tydeleg hette før. Der er det totalrenovert og gjort om ein fin liten hybel på 26 kvm. Rommet har eige bad og kjøkken. Her er det mogeleg å vere heilt for seg sjølv. Det einaste som manglar no, er ei trapp opp på terassen.

Kitty Karina i gang med å skru ikeahylle

Kviteseid Kunstforening, som leiger lokale i huset vårt, har stor aktivitet i sumar. Dei er med i det store jubileet for Telemarkskanalen (150år sidan opninga). Det skjer mykje – med start  rundt den 14. juni.  Du finn eit variert program for kanaljubileet der det vert utstillingar, rockekonsertar og mykje mykje anna.

Me gler oss til å sjå Victoria att framføre huset vårt!

Posted in Uncategorized | Leave a comment

Siste oppdatering PA – opp-pussing

Slik var veget til Kviteseid denne helga... siste gong før stengning?

Slik vart det med stillas vekke....Rydda og fint urte!

Eg fekk mala den sist veggen...håper den tåla -5 grader!! Her vert det nytt rekkeverk.

Kasia (Couchsurfer) frå Polen- no busett i Stavanger var med å rydda..

No vert set sbrt stuge og soverom her!

Stue, inn mot resten av huset (soverom 2)...

Her er den nye døra mot verandaen. Kjøken rett fram, badet til høgre.

Inne frå badet...mot tekjøkkenet.

Posted in Uncategorized | 1 Comment

Oppussing i Port Arthur – Vitjing frå Quebec og Kroatia!

No vert det store endringar i Port Arthur. Etter at me har jobbe med oppussing av hovudleilegheita og galleriet er det no tilbygget sin tur. Det vart bygd i 1961 i ein fei. Litt fort og med litt dårleg kvalitet. Det har byggmeister Frøy Ness fått konstatera til gagns då han reiv kledning ute, tak og vegger inne i huset. No vert alt det som er mogeleg å bytte ut, modernisera og forbetra. Rommet over garasjen, kalla «det kalde romme», vert no «det varme rommet». Det vert isolera etter all kunsten sine reglar. Det vert lagt inn eit splitter nytt bad, og eit lite tekjøkken. Det vert med andre ord ein liten leilegheit der med soverom, stue, bad og kjøkken. Her tenkjer eg me kan bu om me bestemmer oss for å leige ut resten av huset.

Ny kledning, måla av Jessica og Fred frå Quebec

Sist veke hadde me vitjing frå Quebec og Kroatia. Gjennom nettverket Couchsurfing.com  har både Luka frå Kroatia, som sykla til Nordkapp og attende (me hadde han på vitjing i Stavanger i august) og Jessica og Fred frå Quebec. Dei siste var hos meg siste veka og fekk eit par dagar i Kviteseid før dei reiste vidare til Berlin på laurdagen.

Skjalg og Luka frå Krotia målar kledningen

Alle saman vart med og gjorde arbeid på huset! Det gjekk mest i rydding (me kasta 150 boksar med gamal måling!) og måling av kledningen på huset. Dei slo til og laga mat fleire gonger og.. både i Stavanger og her i Kviteseid.  Eg fekk introdusera Luka for venene vår Bjørgulv og Hilde. Det sette han veldig pris på. Han blei jo kjent med kring 40 av vener og familie dei 5 dagane han var i Schancheholen i august!

Luka har allereie innvia det nye soverommet!

Eg må ikkje gløyma att Kitty Karina og Ylva var med. Dei hjelpte til med rydding dei og.  Ellers å hadde dei fine haustdagar, der dei ikkje hadde elle TV-kanalane dei er vane med – så dei vart kreativce og tok 400 bilete med kamera mitt! Mange av dei var veldig flotte!

Her er starten på badet...i tilbygget over garasjen.

Ole er ein framifrå tømmermann og entreprenør!

Fred, Jessica og Simplissitus i sofakroken i Port Arthur.

Våre vener frå Quebec har latt seg imponera av opphaldet i Noreg. Her er kva Jessica skreiv i gjesteboka:

Oh Skjalg Skjalg Skjalg.. I will miss you very much. I can say that the last place Thanks for taking us to your family and friends, it was great to meet such nice and inspiring people (especially Marita) Thanks for helping us to see what there was to see in Stavanger and around. Thanks for sharing your travelpictures and memories: They really filled up my shoes with thousand ants. Thanks for all the good food!! I really hope you and the family will come and visit in Quebec or that we will come and see you in Norway. I want to meet Unni Elisabeth so much! I love her already.

Tusen takk and take care…

Keep travelling and dreaming (through your 50 pairs of glasses 🙂 )Jessica Leclerc

Allo Skjalg. I belive we owe you a lot of the last week we spent with you. I was very inspiring to see your travelpictures from Asia and from Spain. It really shows that our world is beautiful and it has to be explored. Thanks for your help in finding things to do in stavanger, for feeding us norwegian food (espesially fårikål and reindeer…and brown chees…. and kaviar in a tube…), for taking us seeing your famliy and friends, for teaching us about norwegian language an culture….and thanks for putting a roof over our heads …or actually two roofs. For my part it has been great to meet a filmmaker beacause it has been an old dream of mine since high school and its given me a urge to try again for fun.

Tusen takk Skjalg I hope to see you and your family again!

PS : Jeg liker Gudbrandalsost!

Fred

Neste veke kjem det ei ny oppdatering frå PA. Eg reiser attende og tar med meg x antall folk frå x nasjonar 🙂 Det vert ny fotoutstilling i galleriet – frå Kina. Og Eg skal male, rydde og planlegge interiør!  Eg tar gjerne mot fleire besøkande!!!

Posted in Uncategorized | 1 Comment

Tur-retur i September

Eg har hatt vitjing av mange folk den siste tida. Etter at me dro attende til Stavanger har eg hatt folk på overnatting frå 6 forskjellige land! To av desse gjestene var i Kviteseid og overnatta i Port Arthur.

Hitomi og vennen laga kinesisk mat til meg tri gonger mens dei vitja oss i Stavanger og Kviteseid!

Eg skulle stenja huset for vinteren og ta meg eit kjøleskåp til Stavanger. Det var greitt å få hjelp til det! På turen attende til Stavanger fekk me litt snø på Suleskarsheia – de hadde dei ikkje sett før!

Det little treet hadde så mykje eple at greina brakk.

Hitomi – Annette skreiv denne helsinga til oss i Gjesteboka:

I Anette from Ipoh, Malaysia felt so welcome to Stavanger since 11. september 2010. I had a good time in Stavanger, clim the Pulpit Rock and tasted the Norwegian food. I am glad that we were invited to telemark 14.th september. We started the jorney at pam, the scenery along the way was so beautiful, th montains, the fjord, the nature. Finally arriving to this white typical Norwegian house around 1.30, pm. I was impressed by the decoration of the house, The view from the balcony and the delicious apples from the garden. Skjalg, thanks for hosting me and give me such good memory of Norway. Nevertheless, I wish to thank to Odin & Kitty too, your family made mee food at home. Should you or your famliy come to Malaysia, do write to me.

All the best and do keep in touch.

Eg fekk hjelp til å bere kjøleskapet og plukke eplene i hagen.

Hitomi fann snø - de tykte ho var gjevt!

Posted in Uncategorized | 3 Comments

Glimt frå to siste veker i Kviteseid.

Me kom til Port Arthur den 10. juli etter å ha køyrd 3500 kilometer gjennom Spania, Frankrike, Sveits, Tyskland, Danmark og Sverige. Etter dette har me berre slappa av og teke mot familie, vener og gjester.  Her er nokre av dei siste vitjingane våre i huset.

Falke var den fyrste. Han hadde perm frå militæret og fekk slappe av med Kitty Karina og oss nokre dagar for to veker sidan. Så kom Dag og Hildegunn frå Bergen. Dei hadde med seg Mathilde, den yngste av dei tri borna. Dei vitjar oss alltid om sumaren, anten i PA eller i Schancheholen. Veldig kjekt! Då gjestene frå Bergen var reist kom Randi og Jens Buster, som er son til Unni si syster Kitty (død i 1993). Han hadde ikkje vore i huset sidan me reparerte

etter vann-skaden for to år sidan. Me blei i huset til 1. august då me sko ta over huset vårt i Stavanger. Før det hadde med og vitjing av Merete og Vadja som trivst godt i Kviteseid.

Posted in Uncategorized | Leave a comment