Glimt frå to siste veker i Kviteseid.

Me kom til Port Arthur den 10. juli etter å ha køyrd 3500 kilometer gjennom Spania, Frankrike, Sveits, Tyskland, Danmark og Sverige. Etter dette har me berre slappa av og teke mot familie, vener og gjester.  Her er nokre av dei siste vitjingane våre i huset.

Falke var den fyrste. Han hadde perm frå militæret og fekk slappe av med Kitty Karina og oss nokre dagar for to veker sidan. Så kom Dag og Hildegunn frå Bergen. Dei hadde med seg Mathilde, den yngste av dei tri borna. Dei vitjar oss alltid om sumaren, anten i PA eller i Schancheholen. Veldig kjekt! Då gjestene frå Bergen var reist kom Randi og Jens Buster, som er son til Unni si syster Kitty (død i 1993). Han hadde ikkje vore i huset sidan me reparerte

etter vann-skaden for to år sidan. Me blei i huset til 1. august då me sko ta over huset vårt i Stavanger. Før det hadde med og vitjing av Merete og Vadja som trivst godt i Kviteseid.

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *