Nytt år – snart ferie!

Kjøkkenet er på plass, klar til bruk. Veldig nøgde med fargane!

Stua er klar men manglar ein sovesofa, som vi leiter etter!

Badet er i dei same fargane som kjøkken.

Det er ikkje mykje aktivitet her for tida! Men eg tenkte eg skulle endre på dette frå nå av. Me går ei aktiv tid i møte og Port Arthur blir midtpunktet for familien vår i sumar. Me kommer til å bruke mesteparten av ferien her og me e svært glade for å ta mot gjester! Her er det berre å melde frå om dykk skal på tur østover vestover, nord eller sør!

Sidan i fjor sumar har med gjort svært mykje i huset vårt. Det er pussa opp på «det kalde rommet», som det så tydeleg hette før. Der er det totalrenovert og gjort om ein fin liten hybel på 26 kvm. Rommet har eige bad og kjøkken. Her er det mogeleg å vere heilt for seg sjølv. Det einaste som manglar no, er ei trapp opp på terassen.

Kitty Karina i gang med å skru ikeahylle

Kviteseid Kunstforening, som leiger lokale i huset vårt, har stor aktivitet i sumar. Dei er med i det store jubileet for Telemarkskanalen (150år sidan opninga). Det skjer mykje – med start  rundt den 14. juni.  Du finn eit variert program for kanaljubileet der det vert utstillingar, rockekonsertar og mykje mykje anna.

Me gler oss til å sjå Victoria att framføre huset vårt!

This entry was posted in Uncategorized. Bookmark the permalink.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *