Det er nye tider i Noreg. Me skal spara energi, med skal spara CO2 og me ska i det heile teke bli meir miljøvennlege 🙂 Det er bra, veldig bra – på tide spør du meg…. Balansegangen mellom å leva på den forkastelege måten og den perfekte måten er ikkje lett å finna for nokon og ein kvar. Men det nyttar å byrja med dei små tinga.
No har me investert i Varmepumpe også kalt Aircon i utlandet. Det er ei luft til luft varmevekslar som kan nytta ein tredel energi og gi att tri gonger så mykje i varme. Me har jo røynsler frå slike i Spania, men der nyttar desse berre til kjøling.
Huset er no klar for vinteren. Ein del av huset (hybelen) er allereie leigd ut til Kviteseis Kommune, der turnuskandidatar nyttar bustaden mens dei jobbar på legekontoret i bygda. Frå 1 september vil de bu to lækarar i huset i kvar sin leiligheit.
Me vil framleis kunne nytte galleriet i fyrste etasje. Der harme eit lite krypinn, med toalett, kokeplate og eit lite soverom. Men me tek vel over hovudbustaden i april 2017, tenkjer eg.
Dolly har vore ei stund i Stavanger. Det vart ei kort sesong dette året – dårleg ver og lite kjøyring med vind i håret 🙂 Me tek det att til neste sumar!!