Så er me attende. Unni, Kitty Karina og eg. Falke blei attende i Stavanger, må jobbe etter 4 månader på feriereise i Søraust-asia! Odin og Helene er i mellomamerika. Dei kjem kanskje seinare. Denne gongen har me med oss båt som eg kjøpte på Visnes, Karmøy den 26. juni. Det er ein finsk båt, Bella frå 2002. Den har ein 50 hestar Evinrude og dreg både vannski og «tube» og eit par passasjerar med lettheit.
Me har snakka om å kjøpe båt i mange år. Fyrst skaffa me oss brygge. Den kjøpte me i 2010. Sidan har me nytta ho som badebrygga vår.
Kitty Karina fekk prøve seg som kaptein på ein tur til Sorgenfri, badestranda me nyttar når veret er fint i Kviteseid. Det tok henne 12 minuttar å frese avgarde med Bella…
Sjøsettinga og prøveturen i dag måtte me feire med eit skikkeleg måltid..Unni Elisabeth laga oss ein herleg Couscous. Mykje betre en den me spiste sist i London…